2013

Frå Arne H. si årsmelding:

Konsertar og framføringar:

Musikalen Snøgåsa laurdag 16.februar på Kulturhuset Husnes (Kvinnherad kulturfestival)

Dette var eit stort fellesprosjekt mellom Husnes musikklag, Husnes blandakor, Ungdoms-koret, Halsnøy storband og Strupebandet med Clive Andersson som musikalsk leiar og Øystein Kloster som kunstnarleg leiar. Me deltok med 4 songar i eit tett samarbeid med Storbandet.

Vårkonsertar søndag 26.mai på Samfunnshuset.

Me kalla konserten for Konsert i Mai og det var eit arrangement i samarbeid med Kvinnherad Trekkspelklubb, der dei spela til nokre av våre songar og dessutan hadde dei ein eigen avdeling midt i konserten. Gjøa Kvalnes og John Gunnar Lundqvist var konferansierar. Hanne Sissel Særsten hadde leiaransvaret i den praktiske komiteen.

850-års jubileet til Halsnøy Kloster søndag 1.september.

Her deltok me med 2 songar på hovudmarkeringa som vart flytta frå Klosteret til Samfunnshuset på grunn av dårleg ver.

Jubileumskonserten til Røysterett for alle (25 år) laurdag 19.oktober på Kulturhuset Husnes.

Her song me 5 songar, noko heilt nytt og noko frå tidlegare.

Haustkonsertar torsdag 31.oktober på Samfunnshuset.

Dette var to støttekonsertar til inntekt for Halsnøy samfunnshus. Silvia Tofte var konferansier.

Julekonsertar fredag 6.desember på Samfunnshuset.

Den tradisjonelle julekonserten var denne gongen utan barnekor og julespel, men med omsorg og det å sjå kvarandre som tema. Peder Sjo Slettebø var konferansier. Alvhild Koløy hadde leiaransvaret i den praktiske komiteen.