2015 - Eit samarbeid med Rosendal Musikklag og med songar frå ulike filmar.

Dei fleste foto her: Ingeborg Kvamme

Eit par avisomtalar etter julekonserten

"Fantastiske Strupebandet

Ei fullsett Valen kyrkje fekk oppleva Strupebandet med band og solistar i storform fredag kveld.

5 desember, 2015

Det er blitt ein vakker tradisjon at Strupebandet inviterer til julekonsert tidleg i desember. Medan dei i fjor heldt to konsertar på heimebane i Halsnøy samfunnshus, tok dei i år opningskonserten i Valen kyrkje. Det skal alle i nabolaget vera glade for!

Eit strålande repertoar er sjølvsagt ei god byrjing. Men det er koret sjølve som skal ha all ære for at julestemninga verkeleg tok tak i publikum. Og så må ein ikkje gløyma koret sine fabelaktige solistar. Det vart etter kvart mange høgdepunkt å velja blant.

Koret held fram med konsert i Halsnøy samfunnshus i kveld. Søndag opptrer dei fyrst på Halsnøytunet, før dei deltek på julekonserten i Eid kyrkje."

Frå Kvinnheringen:

Strupebandet med orkester lyste opp mørketida med konsert i Valen kyrkje fredag. Med eit eineståande repertoar sendte dei publikum heim med lys i sinn og ein solid dose julestemning.