2005
 
Prosjektet for dette året blei jo jubileum. Det er behandla i eige kapittel, og er du ikkje fornøgd med det så får du heller kjøpa boka! (Du tåler vel litt reklame??)

Så kom det store spørsmålet, Strupebandets evige - den nye dirigenten:

Det blei ei ny ung dame frå kulturskulen: Anne Guro Korsvoll - og - av alle verdens ting - villig til, etter julekonsert, å gå laus på ei gjennomføring av ABBA!!

Etter å ha hatt ein songkafe med god oppslutning i vestibylen, blei det starta på julekonsert.
Litt bilete frå den hendinga HER:

Det er altså blitt 2006 !

Så begynte prosjekt ABBA - igjen - - -. (Det kjem på "eigen knapp".)

Forøvrig er planen for våren at vi skal syngja på Larsstø og Folkehøgskulen i samband med feiringa av "Skjoldmøen"-jubileet. Derfor har vi korøvingar framover nå: 18. mai, 1. juni, 8. juni.
Synge på dagtid ute på Larsstø den 10. juni og inne på kveldstid samme kveld.

Det ligg og føre planar om sang ved bispevisitas kanskje 19. juni. Då var det nokon som sa: Drikkeviser?? jaja . . . .

Framhald seint i desember. Du har vel lese "Abba-knappen" og veit koss det gjekk. Nå har me teke juleferie, men har jo gjort eindel sidan sist:

Vårarbeidet bestod i å gjera seg klar til avduking av "Skjoldmøen"-monumentet på Sæbøvik og synging i kyrkja ved bispevisitasen. På banen song me bl.a ilag med gutane i "Storm ShantyChoir" (eller noko).















Som ein ser var det ingenting i veien med korkje stemninga eller veret!!

På bispevisitasen song me frå galleriet, og kom vel ifrå det heile. (Eg tok visst ikkje bilde av bispen!!)

SÅ tok me sommarferie . . . . og begynte krisen: ME VART SÅ FÅ!!!
Planen var å klargjera til ein "Syng-med-oss"-ettermiddag, men frammøtet vart tynnare og tynnare og ein gong måtte me rett og slett senda dirigenten heim. Me var komne så langt at plakatane var oppe, men på øvinga kvelden før var det så tynt at me avgjorde at øvinga slutta med at me tok ein runde og skreiv "AVLYST" på plakatane!!
Deretter var det flygeblad og krisemøte. Det hjalp litt, slik at me etter kvart kunne våge å starta med juleførebuingar.
Korleis det gjekk? Me har tjuvlånt litt frå avisa "Kvinnheringen". I etterhand ber me sikkert om orsaking!!

"Fin førsjulsfabel

Fredag kveld gjekk Strupebandet på Halsnøy sin årvisse julekonsert av stabelen i samfunnshuset.

17.12.2006

Tverrfløytelydar som likna lerkesong, introduserte ein stappfull sal for det som skulle koma. Berre sekundar i førevegen fekk publikum servert velluktande julegløgg i foajeen. Tida var inne for å fabulera rundt den viktige julebodskapen.
Gløggen varma både unge og gamle. Også den forkomne journalisten frå vesterland, eller fastlandet om ein vil, fekk leska strupa si.

Skjegglaus nisse
– Hysj! seier «Strupebandittane» i kor etter å ha høyrt sutrelydar.
Det viste seg at nissen sjølv hadde mista skjegget, og som ein konsekvens av det også sjølvtrua. Han kunne visst ikkje visa seg utan det dyrebare skjegget sitt. Strupebandittane syntest synd på nissen utan skjegg og lovde å finna det. I mellomtida tok «Strupebandet» nissen inn i varmen. Han vart invitert til å syngja saman med dei, slik han at han ikkje måtte sitja einsam medan han venta på ungane som leita etter skjegget i ein kvitkledd skog, kalla Vinterlandet.

Ha’kke tid
Strupebandittande hadde det travelt. Hadde ikkje tid, song dei, for dei skulle finna skjegget.
Så kom den eine sjelevarmaren etter det andre. Temaet, eller handlinga, i Strupebandet sine konsertar varierar frå år til år. Denne gongen var skjeggmysteriet ein slags raud tråd som sydde synginga og spelinga saman.
Av og til stakk ein solist seg fram frå Strupebandet og spreidde spenstige tonar. «Det lyser i stille grender» og «Deilig er Jorden» sette standarden. Frå mengda i salen kom det også lydar attende.
Klappande hender støtta strupene gjennom heile konserten."
(Takk for det, Kenneth!)

Så er me der igjen!!! Anne Guro har flytta til Stord, men denne gongen var det på førehand klart at eit tysk par med sans for norsk natur ville flytte til Kvinnherad og ho har overtatt jobben til Anne Guro i kulturskulen!! Har lært seg norsk og skal idag, - 19. des. - ha møte med styret vårt.

Dies wird spannend! ! !

GODT NYTT ÅR.

2007

Og joda, Luitgard Kühne er hos oss! Bur i Dimmelsvik og pendlar til oss kvar torsdag og iblant vel så det.
Me har hatt "Syng med oss" og eit par spontan-konsertar som har lært Luitgard noko av vårt gamle reportoar.

Ein av desse konsertane kom istand ved at koret til Bjørn Gisle, som nå er distriktsmusiker i Sogn (Aurland-Lærdal) eigentleg skulle til eit kortreff i Molde. Dette treffet vart avlyst og istaden kom dei til oss. Koseleg gjeng, mange fleir enn oss, og etter konserten måtte jo me laga "fest og basar".  I løpet av kvelden/natta blei det bestemt at dersom me fekk det til skulle me på gjenvisitt under Lærdals-marknaden neste år. Stor skepsis blant dei fleste av oss - me pleier nemleg ikkje å få til å reisa. . . . .

Prosjekt for våren '08 kan kanskje bli songar av Bjørn Eidsvåg, me har i alle fall kjøpt inn eit hefte med notar.
Nå er det snart jul, og me har øvt inn eit vanleg julereportoar, denne gongen utan "bandittane", ganske enkelt grunna tidsnaud. Vi har allereide sunge i Eid kyrkje på søndag 9. des. Det var etter å ha "prøvd ut" songane for bebuarane på Halsnøytunet. Vi meinte sjølve vi kom vel ifrå det heile!

Torsdag 13 des. er det vår eigen konsert på Samfunnshuset - kl 1930 - me får sjå.

2008

Dette var det året Halsnøy fekk samband med omverda utan ferje. I mars var vi, under leiing av Luitgard Kühne, med på tunnelopning!! Stor stas, men i ei utruleg ufyseleg ver! Men fornøyde var me!
   

Det blei ikkje så mykje Bjørn Eidsvåg-songar på oss. Vi fekk dei liksom ikkje til som vi ville. Derimot tok vi for oss noko gammalt, Luitgard kom med nokre slagerar og nokre tyske songar og vi fikk til, syns vi, eit godt repertoar som vi tok med oss på ein svært vellukka tur til Lærdal rett før St. Hans og sommarferie.

Etter sommarferien blei det klart at vi var begynt å "skranta"! Medlemstalet gjekk ned, og vi begynte å bli så få på enkelte øvingar at vi måtte setja "Avlyst" på plakatar for tenkte arrangement. Likevel syns vi at vi fekk til ein brukande julekonsert, men tok juleferie med blanda følelsar for framtida!!

 

2009

Ganske tidleg dette året måtte vi gå til den beslutning at vi begynte å få økonomiske problem. Få medlemmer, få på øvingane gjorde at vi igjen måtte betale oss ut av både "songkaféar" og andre tenkte intektsgivande arrangement. Etter årsmøtet, der Arne Gjerde påtok seg å vera formann, eller diktator, som han sa, måtte vi innsjå at vi ikkje lenger hadde råd til å betale dirigent-tenesten frå den kommunale kulturskulen etter sommarferien. Dermed blei det etter kvart avskjed med Luitgard og vi vart enige om kriseløysing: Loppemarked på laurdagar i sommarferien og dugnadsdirigent frå eigne rekker. Vi fekk og til ein avtale med Elin Sofia Lotsberg på folkehøgskulen. Ho skulle sjå innom til oss kvar 14. dag og hjelpa oss. Det var då planen at dette skule vera slik at vi hadde "vårt" repertoar og Elin Sofia sitt. Vi skjønte snart at dette ikkje ga den kontinuiteten som skulle til, og etter at Elin Sofia hadde hjelpt oss gjennom julekonserten i Fjelberg kyrkje, tok dette samarbeidet etter kvart slutt.

2010.

DIKTATOREN bestemte eit tidleg årsmøte, allereie i januar. Han annonserte sin avgang grunna for mange andre oppgåver. Det var ingen hurra-stemning på dette årsmøtet - nærmare undergang har vel aldri Strupebandet vore.

Framhald 2010.

Etter årsmøtet:

Ny formann greidde me IKKJE å få, MEN me fekk oss heiltids-dirigent: Kari Tarberg - - - HURRA!

Nå dette året har vi 30-årsjubileum. Derfor er det viktig at vi får til å "gjenoppstå" og det ser nå lovande ut.
Fleire nye møtte opp på siste øving, og faktisk ser det ut som vi får samle inn nokre "gamle"!
Vi er nå igang med å samle saman eit repertoar til ein gong på forsommaren, då me vil ha ein jubileumskonsert!!

Så gjekk det ei veke; vi har fått formann: Synnøve Fjelberg, vi har fått fullt styre, og vi var forsyne meg 28 glade sjeler på siste øving. Det ser mao. lysare ut! Mykje lysare!!

Nå i april har vi nett avslutta eit tre dagars seminar. God oppslutning og kjempestemning. Kari hadde fått med orkester: Hallgeir på piano, Pål Gunnar på trommer og Roy på bass.

Joda, vi er i god gjenge!///snap//

VI HAR HATT JUBILEUMSKONSERT!!!!       

Full sal, 30 glade songarar(!), inkludert Torvald (frå Island!), framfor oss ei sprudlande Kari og ved sida av oss orkester med Hallgeir, Roy, Pål Gunnar og Reidar. Som konferansier stilte Arne Hauge, tidlegare bass og blant initiativtakarane til koroppstarten for 30 år sidan. Han gjorde ein framifrå jobb. Takk skal du ha, Arne!

Som gjesteartistar hadde vi ein tidlegare dirigent, Karina, med sine Companions. Alt i alt: Ein skal vera forsiktig med sjølskryt - men me var go'!  - syns me. . .


Dette er bilete frå generalprøven fredag 18.6.2010.

Etter at vi hadde bevist at "det står til liv" (!) kunne vi trygt ta sommarferie. Ved oppstarten etterpå kom det fram at vi var invitert til "minisongarstemne" i Rosendal 2. oktober i lag med 5 andre kor. Dette takka vi ja til, og dermed ble denne framføringa tema for hausten. Kari hadde laga eit arrangement til "Lean on me" - og til og med fått Frøydis Sjo til å væra med oss som solist, ho tok i samme rennet (sidan ho var der- som Kari sa...) over solopartiet i "You'll never walk alone" og med tre songar til frå jubiléet, (Smile - What a wonderful world -  og  Oh, Freedom) hadde vi klart repertoar til Rosendal. Vi hadde og med oss orkesteret. I tillegg var det lagt opp til fellesnr - ca. 120 songarar framfor Maria Malmsten song "Vänskap".

Her er vi klar. Det er ingenting i vegen med humøret ser vi. Det var det heller ingen grunn til. Vi kom svært bra ifrå det heile, syns vi sjøl. . .

Rosendal samfunnshus 2. okt 2010.

Det seier seg sjøl: Etter oktober er det "juleførebuing"!

Vi sette saman eit program av både tradisjonelle og nokre utradisjonelle songar. Vi skulle delta i kyrkjekonserten og vi skulle jo ha vår eigen konsert i samfunnshuset. Orkester, strupebandittar og pynt rundt ein "story" om dette med å vera klar og på plass heime "når lyktene tennes"; dette blei tittelen på framføringa. Og det gjekk bra! Fullt i kinosalen (for fullt kanskje, vi kunne visst hatt to førestellingar), men dei som var der hadde det visst bra!!