Etter ein, syns vi, velfortent juleferie, begynte koret med planen om ein vår/sommarkonsert for folket på Halsnøy. Denne skulle vera i slutten av mai og tema var sjølvsagt vår og sommarsongar. Vi hadde frå tidlegare nokre lette, sommarlige som vi ville ha med, men tok denne gong sjangsen på noko litt vanskelegare og ikkje minst, meir seriøst! Stor spenning knytte seg mest til arbeidet med "Våren" av Grieg, "Brudeferden i Hardanger" av Kjerulf og "Vårsøg" av Sommerro. Vi fekk dessutan med oss Egil Våge på hardingfele og mandola, Reidar Koløy på trekkspel i tillegg til orkesteret. Denne gong med Ole Bjarte Røssland på trommer. På grunn av framføringstidspunkt var det nokre medlemmer som ikkje kunne delta på konserten så vi var lenge litt i tvil. Til slutt kom vi likevel til at: "Dette greier vi" - og dermed kunne vi laga ein plakat som røpte litt.

Pyntekomitéen hadde dekorert med epleblom, og kinosalen var ca. trekvart full. Per Ove leia det heile glimrande, Frøydis, Kristin og Vidar var solistar - Egil Våge hadde eit par slåttar på hardingfela i tillegg til dei han var med oss på - Reidar Koløy spelte trekkspel til "Kom Sommarvind", vi trur vi hadde eit godt og variert program på ca halvannan time.

Etterpå var det avslutningsfest for sesongen i Sjøstova på Fjelberg - og så får vi begynna å tenkja på nye oppgåver etter ferien . . . . 

   Lean on me! !
Månemannen med Kristin  Egil Våge

Kari får velfortjent oppmerksomhet!!! 
Etter denne konserten og oppdateringa av heimesida gjekk me ei stund over til å laga ein "strupeblogg"! Det er jo så moderne, tenkte me. Det blei meir ei slag kontaktside for koret som fungerte sånn halvgodt! Men koret fungerte topp!!!
2012:I denne perioden var me bl. a. med på eit "Minisongarstevne i Husnes Kulturhus laurdag 10.november" i lag med Røysterett for alle og Husnes Blandakor.
2013: Etter julekonsert og song i kyrkja blei det ordna eit samarbeid med Kvinnherad Trekkspelklubb der me skulle ha konsert i lag. Noko av deires reportoir og nåko av vårt. Litt fellesnummer og avslutning med sosialt samvær i vestibylen. Det var forresten i denne perioden me hadde eit lite seminar med Solveig Andsnes og lærte "en lille- en lille -" som me har brukt flitting etterpå.